Det regna den dagen. Trea hutra dei nakne greinene mot den
trugande himmelen, og blada med sine sprakande fargar
dekte den svarte asfalten som eit digert kunstmåleri. Det
var den dagen eg såg deg for første gong, som eit friskt
regnpust omkransa av fargane.
eg møtte deg i hausten
ville fargar mot natta
sterke kontrastar
gjev klarare syn av dagen
Du var alltid roleg. Nokre gongar vart eg skremd av den
kontrollerte oppførselen din. Du kunne snakke om kva det
skulle vere, lèt deg aldri overraske, orda du brukte passa
alltid inn som om du hadde tenkt lenge på kva du skulle
seie. Dei gongene eg tala med deg og var i nærleiken din
vart eg dregen inn i dei djupe augo dine, fekk symje
gjennom smilet -likevel, fjella sto høge i nord.
eg møtte deg i orda
roleg stemme mot vinden
i min trolldom
var du heil
Det var kaldt den kvelden vi sto saman under bøketreet.
Handa mi var kald og den søkte etter varme. Du sa du måtte
gå. Eg visste ikkje kvar du skulle.
eg møtte deg i natta
svekka sinn mot hjarte
tapt lukke
i handa sitt fråvær
Seinare kunne du gløyme alt det andre. Smilet reflekterte
sigrane dine over minne, du lèt meg vart kjenne på hjartet
ditt. Desse glimta kosta deg dyrt, men du vann -nesten
kvar gong. Eg naut den svale pusten din mot stilla, dette
vakre med å stoppe opp for å sjå på nytt -du lærte meg.
Men du trong ikkje seie det, berre skjelvande fingrar
gjennom hårlokkar, sildrande fossar i augo. Like ofte som
månen var heil, var du min.
eg møtte deg i augeblinka
styrke mot den såre hjarteveven
med stilla som trøyst
for det som var
Så gav du deg over. Sjølv om vinka frå havna og reisene
dine stadig auka, så lova du meg alt. Venene mine ville ha
meg med ut, men som oftast vart eg sitjande og vente på
deg. Eg visste aldri når du vanka heim. Eg visste aldri.
Du kjøpte gåver. Rikdom i smykke og steinar gav deg rett
til å vere borte. Eg levde på fullmånene. Dei friske
frostkalde nettene gav meg tru og klart syn. Eg levde på
dette, men avtrykka mine i snøen vart lett viska ut av nye
frostflak. Det var der du sa du elska meg. Djupe ord vog
meir enn lufta som gav ande til å tala dei.
eg møtte deg i lengten
håp og tru mot ein sikker lovnad
sjølv om kjærleik
vann forstanden min
Det var vår. Den kalde vinteren lèt seg overvinne av
dryppa frå tre og takrenner. Ikkje ein blome fekk vere
skjult. Ikkje eit reir fekk stå tomt. Kvart myldrande liv
braut seg fram frå den mørke jorda. Men hendene dine lèt
du vere igjen i februar. Eg stolte på april inntil du
sjølv såg at fornuften min drukna av draumen i det hav der
eg elska deg.
Vinka frå havna tok seg opp att, du søkte etter dei tapte
hava mine. Det var då eg skjønte at eg aldri skulle få sjå
deg igjen.
eg møtte deg i draumen
blenda mot natta i fullmåne
mista eg synet
av vår røyndom
tirsdag 3. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar